Vestlandsnytt

Vestlandsnytt er lokalavisa for Herøy og Sande. Avisa har hovudkontor i Fosnavåg og lokalkontor på Larsnes. Avisa vart skipa i 1935, og har sidan den gong hatt ein sterk posisjon i dekkingsområdet. I 2017 har det vore eit år prega av ein del negative nyheiter innan næringslivet, i tråd med den generelle nedturen for oljerelaterte verksemder. Med i bildet har det også vore ei stigande arbeidsløyse. Men det har også vore positive nyheiter frå næringslivet, til dømes gründerverksemd som vi har gitt god spalteplass. Innan offentleg forvalting er det nedskjeringar og innsparingar som i større eller mindre grad har prega bildet for dei to kommunane vi dekkjer. Men også her er det mykje positivt å spore. Positivt er som alltid det rike kultur- og idrettslivet som Vestlandsnytt tradisjonelt har spegla så godt det let seg gjere.

Fakta
Samlet opplag - Les mer 4360
Ikon
Utgiversted Fosnavåg, Herøy.
Bilde av redaktør
Ansvarlig redaktør Endre Vorren (48)
Fordeling lesere
Antall sider produsert 2500
Redaksjonelle årsverk 4
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 45
Antall leserinnlegg 350

Mål og prioriteringar

Målet er at Vestlandsnytt skal halde og styrke posisjonen som den viktigaste nyheitskjelda for innbyggjarane i dekkingsområdet.

Vestlandsnytt har vore relativt konservativ med tanke på innhald- og layoutmessige endringar. Noverande redaktør innførte leiarartiklar i avisa i 2014, og etter eigarskiftet i 2017 (Sunnmørsposten kjøpte ut tidlegare eigar av Vestlandsnytt) vil det vere rom for ytterlegare utbetringar og nysatsingar.

Første målsetting er ved inngangen til 2018 i ferd med å bli nådd: Innføring av nettavis. Vestlandsnytt har heilt klart sakka noko akterut media- og omdømemessig utan digital satsing, men trass dette har vi likevel ein sterk posisjon mellom lokalavisene i fylket generelt, og i vårt område spesielt. Det siste er eit godt fundament inn i vår nye framtid.

Legg til i min rapport

Avisa si samfunnsrolle

Vestlandsnytt har tradisjonelt vore langt framme i å spegle nyheitsbildet lokalt, i tillegg til å vere ein viktig aktør i presentasjon og omtale av kultur, sport og innanfor meiningsutveksling. Når forholda ligg til rette for det har vi også kunne fokusere på saker som krev noko meir arbeid enn det å referere kva som skjer. Vi har gjennom frigjort tid til dei redaksjonelt tilsette og godt samarbeid med «grasrota» kunne grave litt. Vi har sett søkjelyset på ein del viktige saker og dermed «gjort ein forskjell».

Døme 1: Vi bur i eit ferjefylke, og ferjene sin regularitet, tekniske tilstand og eventuelle hendingar som skulle skje med denne livsnerven som ferjene utgjer i lokalsamfunnet, er viktig. Her hentar vi eit døme frå fjoråret som for oss framstod som ei viktig sak. Vi gjekk gjennom eit ferjereiarlag sin statistikk over utførte/ikkje-utførte turar, og fann hol i statistikken. Saka enda med at reiarlaget la seg flate og måtte gå gjennom prosedyrane heilt på nytt. Reiarlaget kom seinare tilbake og lova at statistikken frå no av skal vere langt meir påliteleg.

Døme 2: Av andre saker nemner vi saka «Den livsviktige frileiken», ein større reportasje der vår journalist fekk frie tøylar til å jobbe med ei sak som er veldig aktuell for tida, nemleg born og fritidsaktivitetar. Høvet til leik, det å utfalde seg fysisk, utan organiserte trenarar som står bak. Til saka var det også kommentarar frå vaksne som fortel om korleis deira leik arta seg for nokre år tilbake. Saka fekk fin merksemd og gode tilbakemeldingar, også frå pedagogisk hald.

2017 var framleis prega av den negative utviklinga innan offshore og tilhøyrande næringar. Det kan raskt bli mykje negativitet over slike saker, sjølv om det er vår plikt å fortelje korleis stoda er, både næringsmessig og i arbeidsmarknaden. Vi må medgje at vi kanskje litt ubevisst gav nysatsingar og positive næringssaker ekstra mykje merksemd i 2017. Det at avisa bidreg til å halde på ein optimisme treng ikkje vere ei ulempe, men kan kanskje heller reknast som eit positivt trekk.

Legg til i min rapport

Frå papir til nett

Som ei rein papiravis utan nettavis står vi sjølvsagt utan erfaringar, men dei seinare åra har vi registrert aukande etterspurnad etter digitale tenester. PDF-abonnement gjennom buyandread har vore tilgjengeleg nokre år, men vi opplever denne løysinga som lite framtidsretta. Kombinasjonen av papir/nett/e-avis, som no står for døra, vil vonleg gje oss eit lyft på fleire vis.

Redaksjonen har blitt styrka med tilnærma eitt årsverk i løpet av 2017 (frå 3 til 4, inkludert redaktør). Med innføring av nettavis vil dette likevel vere ei minimumsbemanning, slik underteikna ser det. Mellom utfordringane våre framover vil det å lage ein god arbeidsplan for publisering av papir og nettsaker vere viktig.

Kva våga vi? I ei lokalsamfunn der mange kjenner dei fleste er det sjølvsagt ikkje alltid kjekt å skrive om saker der vi veit at «naboen din» blir irritert på det som står i avisa. Likevel kjenner vi det ikkje slik at vi er hemma av slike omsyn. Ved å opptre ryddig og konsekvent i redaksjonelle saker føler vi at vi i stor grad har tillit mellom våre lesarar. Målet må vere at det som står i Vestlandsnytt skal vere til å stole på. Skjer det ein bommert frå vår side, og det skjer med ujamne mellomrom, er det viktig at vi ryddar opp og syter for at sanninga kjem fram.

Legg til i min rapport

Journalistfagleg utvikling

Det er jamlege redaksjonsmøte i Vestlandsnytt. Der prøvar vi å få tid til å snakke om neste avis og evaluere gårsdagens avis. Diskusjonar om aktuelle saker eller emne vil det også vere rom for. Ein redaksjon samansett av røynde og ikkje fullt så røynde journalistar har også godt av erfaringsutveksling. Korleis presentere saker, kvifor, korleis å fylgje opp med meire.

Journalist Josefine Spiro deltok i mai på konferansen «Fortellingens kraft», i privat regi. Det kan nemnast at redaksjonen består av to relativt nyleg fagutdanna journalistar som begge kan skilte med bra erfaring, samt ein svært rutinert journalist, i tillegg til redaktøren.

Etikk

Vestlandsnytt fekk i 2017 ein PFU-klage. Ein kommunal einingsleiar klaga Vestlandsnytt inn etter at omtale i eit par lesarinnlegg frå ein kommunestyrepolitikar. Innsendaren meinte ho ikkje burde ha vore namngjeven, og eventuelt ha fått retten til samstundes motsvar på innlegga. Vestlandsnytt svara på si side med at debatten var ein del av ei løpande meiningsutveksling over tid, og i tillegg at ein som einingsleiar må rekne med å bli omtala, også med namns nemning. PFU frifann Vestlandsnytt på alle punkt.

Om ikkje anna var dette eit fint høve for redaksjonen å ta ein gjennomgang av og diskutere dei etiske prinsippa rundt desse punkta i Vær Varsam-plakaten. Vi vart frifunne her, men samstundes var det ei viktig påminning for oss om å vere «på alterten».

Generelt: Ved ein del høve har vi slurva litt når det gjeld innhentinga av faktaopplysingar til sakene. Det kan kome litt på grunn av tidspress, der kvantitet ofte, og dessverre, kan trumfe kvalitet. Vi ser at det er viktig å gje dei redaksjonelt tilsette tid til og rom for å presentere sakene best mogleg. Hastverk er og blir lastverk.

Kjeldebruk/falske nyhende

Vi har ikkje hatt konkrete forsøk på at redaksjonen har vore forsøkt villeia eller lurt. Men det har skjedd tidlegare at det er sendt e-postar under falskt namn i eit forsøk på å få inn lesarinnlegg i betente saker. Falske nyheiter vil nok vere vanskelege å få inn i ei avis der dei fleste forhold er temmeleg oversiktlege.

Uansett er det viktig å ha eit kritisk blikk til det meste. Her under kjem også bruk av kjelder, der vi ofte ser kor viktig det er med fleire kjelder, for å få eit mest mogleg korrekt bilde av det vi omtalar. At kjeldene ofte er gjengangarar, er ei klassisk utfordring. Målet må vere at vi har breiast mogleg kontaktnett og dermed også høvet til å fange opp saker utanom «A4», noko som vil styrke avisa sin integritet.

 

Endre Vorren

Ansvarleg redaktør

Vestlandsnytt

Legg til i min rapport