Fjuken

Lokalavisa Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989. Etter ein trong "fødsel", med mykje prøving og feiling,såg fyrste nummer av lokalavisa dagens ljos 6. april det året. Den ferske Fjuken vart sendt ut til om lag 400 abonnentar, og før året var omme var talet oppe i 1000 ab. Nå er Fjuken inne i sitt 28. år, har sjølveigd avishus, eitt avdelingskontor, gode arbeidstilhøve og stabile medarbeidarar. Med om lag 3600 i opplag har Fjuken svært god dekning i Ottadalen, samt at nær 1600 av abonnentane er utfløtte dølar. For dei er Fjuken svært viktig, som bindeledd til heimbygda og som "brevet frå heime".

 







Fakta
Samlet opplag - Les mer 3619
Ikon
Utgiversted Skjåk
Ansvarlig redaktør Hans Erik Kjosbakken (53)
Kommer ut Torsdagar
Fordeling lesere
Antall sider produsert 1336
Redaksjonelle årsverk 5
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 48
Antall leserinnlegg 160

Mål og prioriteringar

Fjuken skal framleis vera den mest lesne avisa i dekningsområdet, både på papir og nett. Vi har tidlegare hatt undersøkingar som syner at vi har vore det, og har ei god husstandsdekning på papir i dei tre kommunane vi dekkjer; Vågå: 37 %, Lom: 76 % og Skjåk: 84 % (uoffisielle tal).

På eitt vis har Fjuken vore gjennom eit paradigmeskifte det siste året. Avisa har i fleire år vore digital, men gjekk i løpet av fjoråret over til plussløysing på nett. Redaksjonelt har vi også teke til med malstyring, noko som innebar utfordringar og omstillingar. Ein viss skepsis er nå avløyst av at vi taklar dette bra.

Vi er tett på lesarane, alle kjenner alle i nedslagsfeltet, og alle veit «kven» Fjuken er. Det kan like gjerne vera ei ulempe som ein fordel. Konkurransen med andre lokale media og sosiale media, gjer at vi heile tida lyt finne eigne gode saker. Samstundes skal vi ha søkeljoset på kva det offentlege driv med, og fylgje lokalpolitikken tett.

Mange av dei nye reiskapane vi har teke i bruk gjev oss moglegheit til å sjå kva lesarane verkeleg les, kva dei helst vil ha - og kva som ikkje blir lese.

Fjuken skal spegle lokalsamfunna, både på godt og vondt. Vi har eit like stort ansvar for å syne fram dei positive sidene ved bygdene våre som dei negative.

Fjuken skal gjeva lesarane opplevingar dei ikkje får andre stader. Med fleire andre medie i same dekningsområde, er det konkurranse om å vera fyrst ute med nyheiter. Her meiner vi sjølve at vi er nokså kjappe og er eit nyheitsmedium på nett. Alle sakene er også delt på Facebook, og mykje av trafikken kjem derifrå.

Vi lagar tre magasin i året, i tillegg til store aviser til jul og påske. Magasina blir distribuert til hytteeigarar og elles til alle husstandar i Ottadalen. 

Legg til i min rapport

Utfordringar

Framleis lyt vi ha rekruttering av nye lesarar som eit område vi kan bli betre på.

Vi trur ikkje at andre redigerte media er den største konkurrenten, truleg heller ikkje sosiale media. Den største utfordringa er kanskje at folk ikkje les i det heile teke.

Ei anna utfordring er «kjedekollisjonen» mellom nettrafikk-annonsesal/varelager-pluss-saker/abonnementssal-færre visningar. Dette gjev oss utfordringar.

Vi er òg bevisste på talet på oppdateringar, på kva saker som blir mest lese - og klar over at desse sakene kanskje ikkje er dei journalistfagleg beste.

Vi forsøker å sjå dei ulike plattformene, papir og nett, som eitt produkt for lesarane. Det eine skal ikkje vera betre enn det andre.
Det kan vera utfordrande, i små kommunar som vi opererer i, at sentrale kommunale aktørar har ei oppfatning av Fjuken som negativ - avdi vi tek fatt i saker som kan vera vanskelege for kommmunen og som i sin tur kan føre til negative konsekvensar for innbyggjarane.

Vi må heile tida arbeide for at nettopp Fjuken skal vera verdfull for ottadølane. Det dei får i Fjuken, får dei berre der - og dei må ha det for å fylgje med.

Legg til i min rapport

Avisas samfunnsrolle

Avisa har svært god lesarkontakt, Fjuken er fyrstevalet torsdag når den kjem i postkassene, og vi får mange gode tips og attendemeldingar frå lesarane våre.

Årets Ottadøl er ein heider vi deler ut saman med Sparebank1 Lom og Skjåk. I 2017 gjekk heideren til ei eldsjel i fotballmiljøet i Lom.

Dette året har vi mellom anna skrive fleire artiklar om:

  • Asylmottak for mindreårige i Skjåk, som "aldri" fekk flyktningar.
  • Konsekvensar ved stadig skrantande kommuneøkonomi
  • Jenta frå Lom som vart fødd i feil kropp
  • Næringslivssaker
  • Historiske saker og portrett som lesarane ikkje får gjennom andre medie

Årets mest lesne saker på nett

  1. Villreinen kom og lukta på skoa 13.146 visningar
  2. Jon Arild hovudperson i ny TV 2-serie 12.931 visningar
  3. – Elgen drit i vikeplikt 9.531 visningar
  4. Dødsulykke i Skjåk 8.340 visningar
  5. Nytt mattilbod i Lom 7.730 visningar
  6. Elg full av byllar 7.610 visningar
  7. Stal mellom 50 og 70 ubrukelege mobiltelefonar 7.552 visningar
Legg til i min rapport

Journalistfagleg vurdering

Vi har fellesmøte med jamne mellomrom, der vi evaluerer, har idemyldring og legg planar.

Vi deltek i dei konkurransene vi måtte ynskje, og er heile tida med på Landslaget for lokalaviser (LLA) si avistevling, der vi kvart år for ei uavhengig evaluering av avisa vår.

Vi deltek elles på ulike kurs i regi av LLA og andre.

Etikk

Vi held den etiske standarden i avisa svært høgt. Det er alltid ei utfordring å vere lokalavis i små samfunn der vi kjenner stort sett dei fleste av dei vi skriv om. Det gjer at vi må vere svært medvetne på det vi skriv, og tenkje  både med hovudet og med hjartet i mange situasjonar.

Ingen saker til PFU i 2017.

Hans Erik Kjosbakken, ansvarleg redaktør

Legg til i min rapport