Fjordingen

Fjordingen sin redaksjon har i 2017 bestått av fem faste journalistar i tillegg til ansvarleg redaktør/dagleg leiar som og er skrivande. Alle er fotograferande, og alle har og ansvar for avisa si nettside.Fjordingen har ikkje lenger grafisk personale tilsett, etter å ha gjennomført sluttavtale med dei to grafikarane som har arbeidd i avisa gjennom ei årrekkje. Avisa får annonser produsert ved felles produksjonssenter i Harstad, medan grafikarar i Sunnmørsposten gir nødvendig bistand til redaksjonell ferdigstilling av avisa. Også innanfor kontor/kundebehandling har avisa gått til nedbemanning siste år.Avisa gir gjennom året ut fire tematiske ekstraaviser i tillegg til ordinær avis. Avisa har eigen lokalradio, Radio Stryn, som vert driven med om lag eit halvt årsverk.

 

 



Fakta
Samlet opplag - Les mer 3734
Ikon
Utgiversted Stryn
Ansvarlig redaktør Bengt Flaten (52)
Kommer ut Kjem ut tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
10800
Daglige brukere på mobil
Daglige brukere på mobil
1900
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
4200
Fordeling lesere
Antall sider produsert 2650
Redaksjonelle årsverk 6
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 94
Antall leserinnlegg 810

Mål og prioriteringar:

Fjordingen skal vere først ute med dei viktigaste nyhende for og om folk i området vi dekkjer.

Vi skal ha hovudfokus på nyhende og krydre avisa med dei gode og nære reportasjane. Gjennom tekst og gode bilde skal vi gje lesarane i nærområdet til liks med utflytta stryningar og honndøler eit godt speglbilde av kva som skjer på godt og vondt.

Vi skal vere ein god debatt-arena der folk skal få sleppe til med meiningane sine. Og vi skal ikkje minst vere tilbodstorget der annonsørar og lesarar møtast gjennom tilbod og etterspørsel.

Papiravisa er hovudproduktet for Fjordingen. Nettavisa fyller nyheitsveka og nyheitsdøgnet og gjer oss i stand til å konkurrere på raske nyhende mellom papirutgåvene. Fjordingen tilbyr og papiravisa i fullverdig elektronisk versjon.

Radio Stryn er avisa sitt ekstra krydder, litt ekstra smågodt i kvardagen.

Inn i mellom tek vi også oss tid til eigneproduserte illustrasjonar til artiklar og petiar eller dikt i avisa. Teikning: Roy Aron Myklebust

Legg til i min rapport

Legg til i min rapport

Avisa si samfunnsrolle

Viktige hendingar omtalt i avisa i 2017:

Kommunestruktur

Etter at saka vart politisk vedteken forsommaren 2016, har det vore klart at Hornindal vert del av Volda kommune frå 1. januar 2020, medan Stryn vert ståande åleine. Dette etter at Stryn sa nei til å slå seg saman med Hornindal og Volda, og Hornindal i valet mellom Stryn eller Volda valde å slå seg saman med Volda.

I etterkant av vedtaket kom det opp søknad om grensejustering av eit område i Hornindal som ligg inntil Stryn kommune. Initiativtakarane ønskte primært heile Kjøs overført frå Hornindal til Stryn, men la inn ein sekundær søknad om at berre grenda Maurset vert overført til Stryn, dersom departementet ikkje ville overføre heile krinsen.

Rett før jul kom Fylkesmannen med sin tilråding om å overføre heile Kjøs til Stryn kommune. Dette var mot Hornindal kommune si tilråding, men samsvarte med kva Stryn kommune hadde tilrådd i sitt høyringssvar til Fylkesmannen. Blant innbyggjarane i Kjøs var det eit lite fleirtal i krinsen sett under eitt som ønskte å tilhøyre Hornindal, medan det var eit solid fleirtal blant innbyggjarane på Maurset om å gå over til Stryn.

Rett etter nyttår 2018 fastslo kommunalminister Jan Tore Sanner at berre Maurset skulle overførast til Stryn, medan resten av krinsen skulle forbli i Hornindal. Sanner la i si avgjerd vekt på at dette var fleirtalet si meining, og at dette er ei løysing som gir dei fleste kortast avstand til kommunale tenestetilbod også i framtida.

Fjordingen har brukt mykje spalteplass på denne saka også i 2017. På leiarplass tok avisa eit prinsipielt standpunkt om at det måtte vere fleirtalet i krinsen sitt syn som måtte vinne fram. På redaksjonell plass er saka gitt brei dekning, der dei som søkte om grensejustering har kome godt til med sine synspunkt.

Både ordførar og varaordførar i Stryn har gitt klart uttrykk for, i Fjordingen sine spalter, at dei mislikar sterkt Fjordingen sitt standpunkt på leiarplass. Redaktøren er på sin side klar på at han ikkje hadde gjort jobben sin, om han skulle gått ut med støtte til eit mindretalet som ønskte heile krinsen overført frå Hornindal til Stryn. Dette ville vere etter redaktøren sitt syn vere ein særs dårleg behandling av det fleirtalet som aldri har hatt noko ønske om å byte kommune. 

Himmelferden

Bygginga og opninga av gondolbana Loen Skylift, frå fjorden i Loen til fjellet Hoven 1.011 meter over havet, har vore den største reiselivssaka i den store reiselivskommunen Stryn i 2017. Pendelbana vart opna av Dronning Sonja 20. mai 2017. Etterpå tok alt bokstavaleg talt av, i forhold til prognoser laga på førehand. Budsjettet for første år med gondolbane var 55.000 besøkjande. Då året var omme, hadde Loen Skylift hatt 92.000 besøkjande, og suksessen var eit faktum. Ein viktig årsak til at gondolbana er blitt suksess, er det store nettverket av tilrettelagde stiar på fjellet innafor toppstasjonen for gondolbana. Her kan folk i alle aldrar og i god som dårleg fysisk form kome opp og oppleve stor naturglede anten ein vil gå langt eller berre rusle ein tur og nyte utsikt og frisk luft.

Naturkrefter

24.juli 2017 vil bli hugsa som den store uversnatta i bygda Utvik i Stryn kommune. Enorme nedbørsmengder kombinert med eit mange timar samanhengjande kraftig torever forvandla på kort tid den idylliske jordbruksbygda til eit frådande inferno av vatn. Elvane fann nye vegar, raserte riks- og fylkesvegar og gjorde på få timar enorme øydeleggingar på vegar, private eigedomar og infrastruktur. Fylkesvegen 60 som er livsnerva gjennom bygda vart fullstendig rasert og vart ikkje opna att før to månader etter storflaumen. Hus og landbrukseigedomar fekk store skader. Det same fekk to kraftverk, idrettsanlegg og friluftsareal. Til alt hell vart ingen menneske skadde elelr drepne, men marginane var små.

NVE og vegvesenet sette straks i gang med å rydde og byggje opp att Utvik, saman med private aktørar, men det er likevel rekna at det vil gå eit par år før bygda Utvik er tilbake i reparert tilstand. Fjordingen var tett på uveret frå første dag, og har i tillegg til å skildre dramaet og utfordra maktapparatet på prioriteringar elelr mangel på slike under gjenoppbygginga særleg av veg og bruer.

Konkurs

Moods of Norway har dei siste åra vore moteikon i Stryn og Norge. Moods-gjengen tok mote-Norge med storm med sine spesielle klede, og vart og plukka ut til å levere både OL- og VM-kolleksjonar til dei norske idrettsutøvarane.

Etter mange år med samanhengjande vekst og eventyrlege overskot, snudde pilene dei siste par-tre åra feil veg. Moods hadde blitt for store samtidig som krona over tid hadde svekka seg mot dei valutaer firmaet gjorde innkjøp i. I september small bomba. Moods of Norway var konkurs. I ettertid fekk ei gruppering innafor Moods tilslaget på å kjøpe sitt eige konkursbu, og seinhausten og vinteren er brukt til å restrukturere eit Moods of Norway som tel betydeleg færre butikkar, og som vil gå tilbake til røtene og satse utelukkande på herreklede.

Fjordingen var først ute å fortelje om konkursen i Moods, og var ute med å fortelje om det nye selskapet som vert skipa i etterkant.

Legg til i min rapport

Utvikling papir og nett

Redaksjonen har integrert nett og papir i det daglege nyheitsarbeidet. Samtlege journalistar leverer på alle plattformar dagleg, og nettutgåva vert brukt bevisst som ein viktig del av tilbodet vi gir særleg til abonnentane våre. På den måten held vi nyheitstempoet oppe, utan at det går nemneverdig ut over papiravisa. Etter at avisa har vald å leggje ein større del av eigenproduserte saker ut som betalingssaker eller abonnent-saker, har trafikken på nettsida gått noko ned, medan opplaget har auka. Sjølv om tala er små, er det og gledeleg å sjå at vi kvar veke sel abonnement direkte frå abonnent – eller pluss-sakene våre på nett.

Avis har siste året hatt større andel eigenproduserte videoreportasjar på nett. Dette takka vere journalist med stor interesse og kunnskap om video.

Mediehuset starta nedbemanning hausten 2016, med effektuering av sluttpakker frå nyttår 2016/17 til påske 2017. Mediehuset består i dag av redaksjon og markedsavdeling. Økonomisk var det nødvendig å nedbemanne. Reduserte lønskostnader har vore eit viktig bidrag til ein økonomisk drift under kontroll.

Nedbemanninga har og den sida at oppgåvene vert fordelt på færre medarbeidarar. Ikkje minst tek kvalitetskontroll og ferdigstilling av avisa no ein større del av redaktøren og journalistane si tid. Ein styrke på den eine sida, ved å få høgare redaksjonelt fokus på kvalitet. Samtidig ein ulempe i forhold til at det vert mindre tid til å skape innhald.

Legg til i min rapport

Journalistfagleg utvikling

Fortløpande fokus på å skrive poengtert og informativt, og med gode bilde som illustrerer sakene godt.

Fokus på eit moderne nynorsk som samsvarar med folk sin daglegtale.

Kritisk journalistikk der avisa set dagsorden.

Meiningsberande leiarar som ofte er kritiske, av og til rosande, men som og skal setje dagsorden.

Stort og kontinuerleg fokus på forholdet papir/nett, og med endå meir nyheitsfokus på nett etter at avisa reduserte tal papirutgåver frå tre til to i veka.

Etikk

Avisa har sterkt fokus på etikk, og har ingen PFU-saker mot seg siste år. Men vi som andre kunne sikkert blitt felt for manglande samtidig imøtegåing i enkeltsaker. 

 

Bengt Flaten, ansvarleg redaktør

Legg til i min rapport