Fjordenes Tidende

Fjordenes Tidende var 107 år i 2017. Lokalavisa dekker delvis fem kommunar i ytre Nordfjord: Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven. Vi har ein veldig sterk posisjon både på papir og på nett. Vi har ein sterk posisjon både redaksjonelt og på marknad. I mai 2015 endra vi frekvens på papirutgåva/e-avisa frå tre til to dagar i veka, og gjorde ein del grep for å få endå sterkare digitalt fokus. Samstundes endra vi innhaldet i papiravisa til å gå meir bak nyheitene og til meir reportasjar og personsaker. Vi har fått positive tilbakemeldingar på dette. Vi ser også ei positiv utvikling på betalande abonnentar, både dei som er komplette og dei som er digitale. Etter at vi auka andelen av Pluss-saker på nett har vi fått fleire digitale betalande lesarar. Utfordringa at vi merkar utflating i talet på unike brukarar og sidevisningar som følgje av at vi lagar meir stoff til abonnentane.

 

 

 

 



Fakta
Samlet opplag - Les mer 4472
Ikon
Utgiversted Måløy i Sogn og Fjordane
Bilde av redaktør
Ansvarlig redaktør Erling Wåge (58)
Kommer ut Tysdag og fredag.
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
12200
Daglige brukere på mobil
Daglige brukere på mobil
3400
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
6100
Fordeling lesere
Antall sider produsert 3400
Redaksjonelle årsverk 6
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 101
Antall kommentarer 10
Antall innlegg på nett 200
Antall leserinnlegg 450

Mål og prioriteringar

Fjordenes Tidende skal vere den viktigaste kanalen på formidling av historier og nyheiter på papir, nett og andre plattformer for alle som bur i eller som er knytt til ytre Nordfjord og Bremanger. Vi skal vere tydelege på prioriteringar av kva vi meiner er viktige og mindre viktige sakene vi skal omtale. Vi skal følgje folk i denne regionen frå vogge til grav.
Vi skal vere til å stole på, vere nær, frie og uavhengig, balanserte og aktuelle. Vi skal skape engasjement.
Vi skal vere den viktigaste formidlar av nyheiter og historier om det som skjer og om personar som har hjarta sitt i denne regionen.

Saker som har prega våre spalter i 2017

Kommunereforma

Kommunereforma har prega våre spaltar både på nett og papir i 2017. Årsaka til det er at tre av kommunane vi dekker har bestemt seg for å slå seg saman til nye kommunar etter 2020. Vedtaka av dei to samanslåingane vart gjort tidleg i 2017. Det må opplysast at før dette så  hadde Vanylven, Selje og Vågsøy utarbeida ei intensjonsavtale om å slå seg saman. Då vart det gjennomført folkerøysting, og I Selje og Vanylven var det fleirtal for å ikkje å slå seg saman, og då vart dette skrinlagt. Eid hadde i forkant av dette vedteke å slå seg saman med Gloppen kommune. I folkerøystingane her sa fleirtalet i Eid ja og fleirtalet i Gloppen nei. Dermed vart dette også skrinlagt. Flora kommune, som har vedteke å slå seg saman med Vågsøy, var også i samtalar med ei anna Sunnfjordkommune, Førde kommune om samanslåing. Men Flora sa til slutt nei til dette.

Stad Kommune: Kommunestyra i Selje (2.791 innbyggarar) og Eid (6.064 innbyggarar) vedtok i januar 2017 å slå seg saman til Stad kommune. 26. januar sa Selje kommunestyre med 14 mot tre røyster ja til å slå seg saman med Eid kommune. 26. januar vedtok Eid kommunestyre med 23 mot 6 røyster å slå seg saman med Selje kommune. Det vart ikkje gjennomført folkerøysting i samband med desse to samanslåingane. Fjordenes Tidende er nummer ein avis i Selje med rundt 70 prosent husstandsdekning, og har rundt 16 prosent husstandsdekning i Eid. Eid har i tillegg si eiga avis, Fjordabladet som har rundt 70 prosent husstandsdekning i Eid og berre 1 prosent dekning i Selje. Sjølv om mykje ikkje er avklara rundt organiseringa av denne nye kommunen så synest det å vere brei semje blant fleirtalet av politikarane om å arbeide fram gode løysingar. 

Kinn kommune: Kommunestyra Vågsøy (6.031 innbyggarar) og Flora (11.999 innbyggarar) vedtok å slå seg saman til Kinn kommune. 30. mars vedtok Vågsøy kommunestyre med 16 mot 11 stemmer å slå seg saman med Flora. 9 februar vedtok Flora bystyre med 29 mot 2 stemmer å slå seg saman med Flora.. Det vart i forkant føreteke ei innbyggarundersøking der 700 personar i begge kommunar vart spurd om dei sa ja eller nei til samanslåing. I Flora sa 65 prosent ja til samanslåing, 19 prosent var imot og 16 prosent svara veit ikkje. I Vågsøy sa 55 prosent nei, 31 prosent sa ja og 14 prosent veit ikkje. Etter dette vedtaket vart det sett ned fellesnemnd og ein prosjektrådmann  som har jobba vidare med å konstruere og planlegge den nye kommunen.

I forhandlingane om intensjonsavtalen om Kinn kommune var ei tredje kommune som ligg mellom Vågsøy og Flora kommunar observatør under møta. Bremanger kommune (3.847 innbyggarar) var ønskt og invitert med i den nye kystkommunen. Men i Bremanger har det heile tida vore stor motstand mot å slå seg saman med andre kommunar. I Bremanger har engasjementet mot å slå seg saman vore stor, og det har også prega våre spaltar i 2017. På stortinget har det ikkje vore fleirtal for å tvinge Bremanger inn i Kinn kommune. Dermed så er Kinn kommune blitt meir utfordrande med store avstandar og dårlege kommunikasjonar mellom Vågsøy og Flora. Dermed er dette blitt omtala som den raraste kommunen i Norge. Stortinget godkjende at Vågsøy og Flora får slå seg saman til Kinn kommune, og ved utgangen a 2017 har det ikkje vore politisk vilje til å tvinge Bremanger kommune med.

I Vågsøy har det vore engasjerte debattar mellom dei som er for og mot at Vågsøy i Nordfjord slår seg saman med Sunnfjordkommunen Flora. Her synest det å vere ein storpolitisk og folkeleg motstand mot samanslåinga. I Vågsøy vart det seint på året organisert underskriftskampanje med krav om folkerøysting. 1.500 personar skreiv under på dette kravet. Ved utgangen av 2017 var det ikkje bestemt kva som vil skje med ei eventuelt folkerøysting, og kva ei slik folkerøysting eventuelt vil bli brukt til. Engasjementet vart ikkje mindre då utviklingslaget på Bryggja søkte om grensejustering, at dei fekk endre kommune frå Vågsøy til Selje/Eid kommunar, altså Stad kommune, etter 2020. Telemarksforsking greia dette ut, og innbyggarane fekk seie si meining. Fylkesmannen gjekk inn for at dei rundt 550 innbyggjarane i denne delen av Vågsøy får skifte kommune. Dette godkjende så kommunalministaren.

Her er det snakk om store og viktige reformer som følgje av at kommunegrenser blir endra og kommunale teneester skal organiserast på nytt.

Situasjonen for Fjordenes Tidende som lokalavis

Kva vil desse grenseendringane bety for Fjordenes Tidende som har ein sterk fot inn i alle fire kommunane som vi dekker i dag, og som i ei eller anna form er involvert i endring av kommunegrensene? Kva vil dette bety fram til 2020 og ikkje minst etter 2020 då dei nye grensene er på plass? Vil dei nye grensene endre vesentleg på identiteten til folk og oppfatninga til kva ei lokalavis skal vere og levere? Vi må nok endre oss og tilpasse oss dei nye grenser.

Fjordenes Tidende vart starta i 2010. Avisa har eit godkjent opplag for 2017 på 4.471. Redaksjonen består av fem journalistar pluss redaktør. Vi brukar i tillegg ein del faste frilansarar. Vi vil vere ei av to lokalaviser i dei to nye kommunane.

Dette blir ein ny situasjon. I Stad kommune er vi nummer 1 avis i eine delen av kommunen, i Selje, og Fjordabladet har denne posisjonen i den andre delen av kommunen, Eid kommune. I Kinn kommune har vi nummer 1 posisjon i nordre deler av den nye kommunen, dagens Vågsøy kommune. I søre deler av kommunen, Flora kommune, har Firdaposten denne posisjonen. Store avstandar og lang reisetid vil gjere det vanskeleg for begge redaksjonane og dekke alt i heile nye Kinn kommune like godt som vi gjer i hovudkommunane i dag. Med bil tek to timar å køyre ein veg mellom dei to kommunesentera, altså meir enn fire timar tur-retur. Skal ein reise kollektivt er det tre båtruter for dag som tek over ein time kvar veg. Både Fjordenes Tidende og Firdaposten har i tillegg sterke posisjonar i kommunen som deler den nye Kinn kommune i to, i Bremanger kommune.

Vi tenker at vi må lage redaksjonelt innhald bygd på identitet, kultur og felles interesser der vi har storparten av abonnentane. Vi må vere opptekne av viktige utfordringar og vedtak som angår folk i området vi dekker i dag. Vi må vere tett på næringsliv, idrett, kultur, samferdsle, skule, pleie og omsorg, barn, unge og eldre, folkeliv og personar som gjer spesielle ting i nedslagsfeltet der vi har flest abonnentar, i ytre Nordfjord og Bremanger. Sjølv om Vågsøy slår seg saman med ei Sunnfjordkommune så vil storparten av folk i Vågsøy framleis vere Nordfjordingar. Såleis trur vi at folk i Vågsøy gjerne vite kva som skjer både i den nye Stad kommune og i Bremanger som i dag også etter grenseendring. Det er også sagt at sjølv om Vågsøy blir ein del av Kinn, så skal dei kommunale tilboda etter 2020 vere som før 2020 og folk skal få løyst alle sine oppgåver i den delen av den nye kommunen som dei bur i. Sjølv om det står i intensjonsavtalen at nye Kinn kommune vil løyse alle interkommunale oppgåver sjølve, så er det seinare sagt at det vil bli samarbeidsprosjekt for Nordre Kinn med dei andre Nordfjordkommunane.

Utfordringa for oss blir å halde våre lesarar i nye nordre Kinn oppdatert på kva som skjer i søre deler av den nye kommunen. Det blir såleis utfordrande at vi kan skape felles identitet, felles kultur og felles entusiasme med så store avstandar og med så lite kjennskap til kvarandre.

Ved utgangen av 2017 har vi fokus på å lage ny publikasjonsstrategi. Vi har også tett dialog med dei to andre lokalavisene som blir ein del av dei to nye kommunane. Vi har vurdert og vurderer eventuelt samarbeid med kvarandre i ulike former.

Fokus på kvinner

Det siste året har Fjordenes Tidende hatt sterkt fokus på kvinner. Prosjektet «Likestilt» vore ein viktig del både på papir og nett. Prosjektet har som mål å gje eit bilete av kvinnene sin kvardag og å auke andelen kvinnelege kjelder i avisa.

Redaksjonssjef Jo Carlson er initiativtakar og prosjektleiar, og står i spissen for prosjektet saman med journalistane Marianne S. Rotihaug og Christina Cantero, som i all hovudsak har laga reportasjane. Likestilt-teamet har hatt jevnlige møter for å sortere idear, evaluere og for å halde tråden. Teamet har langtidsplanlagt med tanke på «køyreplanen», og har nesten utan unntak lukkast med å ha sakene klare minst ei til to veker før dei vart publiserte. I tillegg har resten av redaksjonen vore involvert, både for å finne aktuelle saker og som en bevisstgjering på intensjonane med prosjektet.

Dei første Likestilt-reportasjane blei presentert for lesarane 3. mars 2017, og sidan det har Likestilt vore ein del av Fjordenes Tidende. 12. januar 2018 runda vi ein milepæl då vi publiserte Likestilt-reportasje nummer 100 i rekka. I serien har vi snakka med kvinner frå 14 år til 70+ om alt frå karriere, kvinnerepresentasjon og levealder til alvorlig sjukdom, politikk og fritidsinteresser. Godt og vel halvparten av sakene har vore representert på førstesida, der 17 av sakene har vore hovudsak og 37 har vore tilvisingar Samtlige reportasjar har også vore publisert på fjt.no. Der har den enkelte reportasje stått kvar for seg som Pluss-sak, i tillegg til at vi har hatt en fast Likestilt-etasje der du kan lese om prosjektet og tidlegere saker. Vi har også kvar veke hatt Likestilt-tilbakeblikk med tidlegare saker.

Prosjektet skal vare i ganske nøyaktig eitt år, og planen er at vi setter sluttstrek dagen etter kvinnedagen i 2018. Da vil vi ha publisert nærmare 120 reportasjar med spennande historier med kvinnelige kjelder. Likestilt fikk hederlig omtale frå Sogn og Fjordane journalistlag hausten 2017. Serien har også blitt svært godt motteke både blant Fjordenes Tidende sine mannlege og kvinnelege lesarar. Blant anna responsen frå kvinner vi har kontakta vore svært positiv. Mange kvinner som tidlegere har vegra seg for å la seg intervjue, har no sagt ja fordi dei har blitt begeistra av prosjektet og tidlegere Likestilt-saker.   

Dette har vore eit stort prosjekt for ein liten redaksjon. Det krev disiplin og god planlegging å jobbe så målretta over så lang tid. Men dei som har styrt og jobba med prosjektet har vore entusiastiske og engasjerte og har gjort ein god jobb. Prosjektet har vore ein styrke for Fjordenes Tidende og heile redaksjonen har blitt bevist på å tenke like mykje kvinner som menn. Og ikkje minst har serien gjort at vi har hatt mange redaksjonelle saker med personleg preg som vi elles ikkje ville ha hatt.

Her kan du lese om prosjektet

Her er alle sakene per 21. januar 2018

Mykje veir 

Også i 2017 var det mange orkanar og vindfulle døgn. Dette førte sjølvsagt til mange utfordringar for mange. Kraftig vind skapte problem for trafikken. Båtruter og ferjer vart innstilt. Bruer var stengde og folk blei isolerte i lange periodar. Heldigvis vart ingen personar skadde. Men det har vore fleire andre orkanar, døgn med store nedbørsmengder og ekstremt høg flo og store bølgjer som har skapt problem både på sjø og land.

Skulestruktur

Det har vore spesielt mange saker og debattar rundt skulestruktur og kvalitet i skulen. I 2017 var det sterk dragkamp om kor mange barneskular det skulle vere i Vågsøy kommune. Dette har skapt stor debatt og stort engasjement. Fleirtalet vedtok i 2017 å legge ned to av dei fem barneskulane som var eitt av alternativa som vart vurdert. Det var og vurdert å legge ned alle fem skulane og bygge ein ny felles barneskule. Men det fekk ikkje fleirtal.

Organisering av helsevesenet

Organisering av helsevesenet i samband omorganisering av Helse Førde og spesielt med endring av funksjonane  til Nordfjord sjukehus har også dette året vore sentralt i nyheitsbiletet. Det har vore store debattar rundt tilbodet ved Volda sjukehus som har vorte viktig for mange brukarar i Nordfjord etter at Nordfjord sjukehus fekk endra sine oppgåver. Det same har debatten rundt kvaliteten på alle typar helsetenester vore. Mellom anna har det vore debatt rundt organisering av ambulanse-stasjonering og organisering av lokale legevaktordningar.

Samferdsle

Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlege kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema.
Det har og vore stor debatt rundt trase for kystvegen i ytre etter at Statens vegvesen kom med sitt framlegg til trase. Debatten har gått på om det skal byggjast bru ytst i Nordfjorden og kva alternativ trase ein skal velje sør for Svelgen

Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter. Det har og vore stor debatt og engasjement rundt sjukehusbussen som kvar dag køyrer mellom Nordfjord og sjukehuset i Førde.

Nytt datasenter i fjell

Eit nytt og spennande næringsprosjekt i vår region er etablering av eit stort datasenter i dei nedlagde Olivin-gruvene i Lefdal i Eid kommune. Dette enorme prosjektet er eit resultat av sju år med planlegging rundt det såkalla Måløy-miljøet. I 2015 vart det bestemt å starte bygging av Lefdal Mine Datacenter. Våren 2017 vart anlegget opna og sett i prøvedrift. Innovasjon Norge er inne å delfinansierer, og takka vere god støtte frå lokale bankar så er prosjektet starta. Datasenteret skal opererast og drivast av kundane og bedrifta LocalHost i Måløy. Dette forventar ein vil skape nye arbeidsplassar.

Verdas første skipstunnel

Stad skipstunnel som er under planlegging blir no prosjektert og prislappen for den 1.800 meter lange tunnelen for skip blir på 2,5 milliardar kroner. Det er antyda byggestart i 2018. Dette blir verdas første tunnel for skip som skal opne ei alternativ rute forbi det farefulle Stadhavet for båtar.

Dramatisk hotellbrann

Natt til fredag 25. november i 2016 tok det til å brenne i Selje hotell, hotellet ved storhavet. Naboar oppdaga brannen og varsla om den. Alt tilgjengeleg brannmannskap var raskt ute, og når dei kom så var romfløyen ved det flotte hotellet fullstendig overtent. Fjordenes Tidende var tidleg ute med reportar ved hotellet og vi dekka denne dramatiske brannen tett på nett gjennom heile helga. Vi laga både videoar og nettsaker, og hadde veldig høge besøkstal på nettsida vår. At vi var der med reportar gjorde at vi fekk mange tips om brannen, og vi kunne hjelpe til med å informere folk om kva som skjedde. Ingen personar vart heldigvis skadde. Nokre veker etter brannen vart tre av eigarane pågripne av politiet og vart varetektsfengsla mistenkte for å ha tent på eller bidrege til å tenne på hotellet. Det vart varetektsfengsla først i fire veker, og seinare i fire nye veker. Dei tre har gjennom sine advokatar nekta for å ha gjort dette. I 2017 har vi følgd tett på det som har skjedd etter brannen. Hausten 2017 var det rettssak mot dei tre sikta brørne. Den tre veker lange rettssaka følgde vi tett heile tida. Vi har også vore tett på kva som vil skje med ruinane av hotellet. Kva skjer med det? Kva gjer kommunen? Blir det nytt hotell? Kva følgjer fekk det for turistbygda å miste hotellet sitt? På dagen eitt år etter brannen hadde vi ein stor og brei temareportasje om korleis mange har det eit år etter den tragiske brannen.

Vanskeleg kommuneøkonomi

I dei fleste kommunane i vår region er det vanskeleg kommuneøkonomi. Det har ført til store debattar om kvaliteten på kommunale tenester, nedlegging av skular og barnehagar. Vi har sjølvsagt følgd dei mange prosessane tett både i kommunale møter og gjennom intervju med sentrale aktørar og brukarar av tenester.

Kultur og sport

Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store deler av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette og dette er eit viktig stoffområde for avisa. 

Krim

Etter at politireforma vart innført og operasjonssentralen vart flytta frå Flora til Bergen 8. november i 2017 så er det spøkefullt sagt at det er slutt på kriminalitet her i fylket. Dette er dessverre ikkje rett. Det stadfestar regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum til Fjordenes Tidende. Han seier politiet har like mykje å gjere no som før 8. november. Politiet innrømmer no at dei ikkje har klart å informere lokale media her i fylket om det som skjer så godt som før. No kan mange av oss seie: kva var det vi sa før denne reforma vart innført.

For Fjordenes Tidende er det viktig å formidle det som skjer, oppdrag som politiet er ute på og brotsverk som blir gjort så snart vi kan. Dette har både ein opplysande og ikkje minst ein førebyggjande effekt. Vi trur at det er viktig å formidle kva som blir følgjene av brotsverk, at det er eit politi og rettssystem som straffar dei som bryt lovene om det er i trafikken eller andre stadar. I 2017 var det stort fokus på politireforma og endringane som skjedde i politiet. 8. november vart den lokale operasjonssentralen i Sogn og Fjordane i Flora lagt ned og sentralisert til Bergen i samband med at Sogn og Fjordane vart slått saman med Hordaland til nye Vest Politidistrikt. Etter det så vart politiet merkbart dårlegare på informasjon om kva som skjer i vår region. Vi merka også at det var nesten umogleg å få komme i kontakt med folk på operasjonssentralen i Bergen når vi hadde kjennskap til at det skjedde ulukker, trafikkontrollar, brann eller andre situasjonar som politiet jobbar med. Utanom kontortid på kvardagar har det vore vanskeleg å få kontakt med lokale polititenestfolk og patruljar for å få vite kva som skjer. I tider der mange deler bilete og meldingar om ting som skjer usensurert på sosiale media, har vi som redaktørstyrde media eit stort ansvar med å komme ut raskt med rett informasjon om ulukker og hendingar som ei motvekt til rykte og feilaktige spekulasjonar som fort spreier seg på sosiale media. Såleis er vi avhengig av at politiet finn måtar å gje oss rask og korrekt informasjon, og at vi kan få snakke med politi som har lokalkunnskap og som kan formidle korrekt fakta om det som skjer. Når det skjer ulukker og hendingar der politi, naudetatar og blålys blinkar, så er det stor interesse, og vi i media har eit stort ansvar å få ut rask informasjon. Vi veit også at politiet ofte har stor nytte av å få ut informasjon til publikum og ikkje minst hjelp til å oppklare brotsverk. Det er også viktig at innbyggarane får vite at vi har eit synleg og aktivt politi som oppklarer brotsverk og som arbeider med å førebyggje brotsverk og p sikre tryggleiken til innbyggarane. Her har det nye politiet og media ei stor og viktig oppgåve å finne ut korleis dette kan løysast og gjerast betre for begge partar.

Laga fire magasin på ein månad

Eigenproduserte magasin og temabillag er viktig bidrag til drifta av Fjordenes Tidende.

– Og vi meiner sjølve at vi er ganske gode på det, seier Erling Wåge, redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende.

Gjennom året lagar vi 7-8 temamagasin retta med større arrangement høgtider. På ein månad no i vinter blei det fire slike ekstraproduksjonar utanom ordinær avis og nettavis. Dette er ein stor jobb for eit lite mediehus. Men med gode folk, god planlegging og smart prioritering så er det muleg å gjere dette. Det er viktig å ha ein god plan på annonsesal og ikkje minst produksjon av redaksjonelle saker og samansetting av magasinet. Magasina er sjølvsagt produsert i ferdige malar og geometriar.

8. november: «Hav av Moglegheiter» 

Vi starta november med å gje ut eit magasin saman med konkurrenten vår, Firdaposten som er eigd av Amedia. Det er 15. året at vi lagar eit magasin om havbruk og fiskeri saman med naboavisa i Florø. Magasinet blir distribuert i heile Sogn og Fjordane. Dette er eit skrytemagasin der vi leitar etter suksess-historier retta mot kystnæringar. Her gjenbrukte vi gode saker og historier som vi har omtalt tidlegare, pluss nokre nye unike. Det er rimeleg enkelt å få med seg annonsørar som vil profilere seg i dette skrytemagasinet.

21. november: «Black Friday»

Dette er eit annonsebillag på 16 sider som vi laga opp mot denne spesielle handlefredagen og handleveka i november på 16 sider. Dette vart første gong laga i 2016.

5. desember: «Julemagasin»

Dette er eit magasin med redaksjonelle førjulsaker og juleannonsar på 28 sider som vi har laga i mange år, og som er ein del av ein annonsepakke som vi avtalar med lokale kundar.

Her har vi fleire redaksjonelle saker om juleførebuingar.

8. desember: «Andrea-billag»

Dette var langt ifrå planlagt magasin. Når ein lokal 16.-åring var med heilt til finalen i det populære TV2-programmet The Voice så kasta vi oss rundt å laga eit «Heia Andrea»-billag på fire dagar.
Vi bestemte oss søndag og starta jobben måndag morgon. Og torsdag klokka 14.00 var billaget på 20 sider sendt til trykkeriet saman med den ordinære fredagsavisa. Dette vart sendt ut som legg 2 til avisa.

Redaksjonelt laga vi ein del saker rundt det unge songtalentet Andrea Stønjum Santiago og finalen som skulle skje laurdagen. Det blei nok langt fleire saker enn vi ville hatt i den ordinære avisa. Men vi fekk enormt gode tilbakemeldingar på det og meiner resultatet vart godt.

Annonseavdelinga ringde rundt til næringsliv, kommunar og andre og selde Andrea-luker til 690 kroner. Nokre kjøpte ei og andre fleire. Det enda med tre sider. Ikkje dei store inntektene, men viktig bidrag og vi gjekk ut i pluss. Andrea blei forresten nummer 2.

Vi gjorde noko liknande i 2014 då ein annan lokal artist hevda seg i Idol.

«Eg handlar lokalt» 

I år som i fjor så har vi brukt hausten og førjulestida til ein «Eg handlar lokalt»-kampanje. Dette går ut på at lokale butikkar som er med på denne kampanjen får rabatterte prisar på annonse i temabillag og andre aktivitetar i Fjordenes Tidende. Når kundar er inne i desse butikkane og handlar, så er dei med i trekninga om ein splitter ny bil som dei kan får disponere og bruke fritt i eitt år.
Bilen er det ein lokal bilforhandlar som sponsar, og han er fornøgd med å profilert i denne kampanjen.

Frå slutten av november har den nye bilen vore profilert ulike stadar i handlegatene i desember. Denne veka skal vi trekke vinnaren og lage sak på den heldige som får ein ny bil i eitt år.

Legg til i min rapport

Mest leste sakene i 2017

  1. Her er innlegget som skaper mediestorm - Sidevisningar: 83 221. Unike brukarar: 69 82
  2. Ferjesamband innstilt etter at mindre ferje tok seg til rette - Sidevisningar: 18 109. Unike brukarar: 14 106
  3. Kjøp og sal av eigedomar - Sidevisningar: 12 199. Unike brukarar: 3 550
  4. Meiner det må vere lov å ha gode dagar - Sidevisningar: 9 252. Unike brukarar: 8 132
  5. Slik blir årets sesong -  Sidevisningar: 9 139. Unike brukarar: 4 620
  6. Sjekk denne storm-videoen -  Sidevisningar: 8 734. Unike brukarar: 3 491
  7. Brann i bolighus i Måløy - Sidevisningar: 7 992. Unike brukarar: 5 143
  8. Hus i full fyr på Oldeide - Sidevisningar: 7 982. Unike brukarar: 5 127
  9. Vann nesten 7,4 millionar i Lotto -  Sidevisningar: 7 753. Unike brukarar: 5 819
  10. Bustadhus er totalskadd i brann - Sidevisningar: 7 712. Unike brukarar: 6 035
  11. Blir ny hotelldirektør -  Sidevisningar: 7 021. Unike brukarar: 6 134
  12. Fratatt lappen etter råkjøring i Bremanger - Sidevisningar: 6 856. Unike brukarar: 6 197
Legg til i min rapport

Avisens samfunnsrolle

Vi skal formidle det viktigaste som skjer i det offentlege rom og på ulike arenaer i området vi dekker. Vi skal late folk som har meiningar om korleis dette samfunnet skal utvikle seg få sleppe til. Vi skal vere balanserte og truverdige. Vi skal skape engasjement og begeistring, og formidle ein levande og ryddig debatt om korleis våre lokalsamfunn skal vere og utvikle seg.

Vi skal sette viktige saker på dagsorden, og vere eit talerøyr for folket. Vi skal vere ei vaktbikkje for det offentlege og formidle viktige ting som blir drøfta og vedteke der. Vi skal også late innbyggjarane få ytre seg og meine om det som blir bestemt.

Legg til i min rapport

Utvikling papir og nett

Samspel papir til nett

Sjølv om vi har vorte meir digitale, fleire saker på nett og raskare ut når det skjer, så trur vi at vi klarer å ha eit godt samspel mellom nett og papir. Og uansett om vi blir meir digitale så er det vårt inntrykk at papiravisa som kjem i postkassa betyr enorm mykje folk i alle aldrar. Skal ei sak vere skikkeleg omtala i våre spaltar, så skal den ha vore i papiravisa. Vi ser og at vi har ikkje så mange reine digitalabonnentar. Folk vil ha papiravisa inn på kjøkkenet. Det er ikkje nok med berre ei sak på nett. Samstundes ser vi at nettet er ein viktig arena der vi får vise fram sakene våre og journalistikken vår, og er ein viktig marknadsføringsarena for innhaldet vi leverer. Vi ser også at videoar opnar mange nye mulegheiter og nye formidlingsformer.

Bemanning

2017 vart eit spesielt år bemanningsmessig. Redaktør og dagleg leiar har vore delvis sjukmeld heile året. I tre månadar om sommaren var han hundre prosent sjukmeld. I deler av dette året har Svanhild Breidalen vore fungerande redaktør. Den daglege drifta som dagleg leiar ikkje har gjort har vore ivareteke av styreleiar Lidvar Flydal og marknadsleiar Rune Henden. Dette var vore ein utfordrande situasjon, men alt i alt har den blitt løyst på ein god måte. I 2017 var det ikkje endringar i den redaksjonelle staben. Heller tvert imot. Vi har likevel hatt ein til som har vore lengre sjukmeld i redaksjonen og ein som har vore det på marknadsavdelinga. Eg er heldig og er redaktør i ei avis med svært dyktige journalistar og marknadsmedarbeidarar som legg si ære i å formidle korrekt og balansert journalistikk. Vi samarbeider godt og inspirerer kvarandre til å lage det vi trur er ei godt lokalavis.

Kva kunne vi gjort annleis?

Det er sikkert mykje. Vi kunne sikkert ha brukt fleire og andre kjelder. Utfordringa ofte er når vi har korte fristar er å bruke nok tid på å finne nye kjelder og få desse til å stå fram. Vi kunne som eksempel ønskt fleire kvinner som kjelder. Den største feilen vi gjer er alle dei tipsa vi ikkje får sjekka grundig nok og alle dei sakene som vi ikkje har gjort noko med fordi vi har avgrensa ressursar. Vi klarer ikkje å vere alle stadar alltid, og gjere alt vi skulle ønskt vi skulle klare, stilt dei kritiske spørsmåla og jakta på dei djupe svara.
Det skrivne ordet er sterkt, og ein feil som vi gjer i papiravisa er ikkje lett å rette opp. Ei retting i neste utgåve kan ikkje endre det som stod i den opprinnelege artikkelen. Vil beklage ulemper det har påført dei som har blitt utsett for våre feil.

Konkurranse frå sosiale media

Den merkar vi svært godt. Dei fleste bydelar, bygdelag og interessegrupper har etablert sine eigne sider på Facebook som fungerer som reklamekanal og oppslagstavle. Folk deler nyheiter og diskuterer store og små hendingar. Ja mykje av journalistikk og våre nyheiter er grunnlag for debattar der. Folk er raskt ute å deler hendingar og meiningar, gjerne raskare enn det vi klarer.

Kommunikasjon med lesarane

Sosiale media er flott arena å kommunisere med folk i distriktet på. Dette er ein viktig tipsbase som er utgangspunkt for journalistikken vår. På sosiale media er det ofte debattar om lokalavisa, og vi prøver så godt vi kan å forklare våre val og prioriteringar. Folk er også flinke til å dele private bilete og ytringar med oss. Mange tek kontakt, ringer, sende e-post med både ris og ros. På sosiale media prøver vi å vere aktive og svare når det er viktige debattar om oss og journalistikken vår.

Legg til i min rapport

Journalistfaglig utvikling

Vi har hatt interne kurs og utviklingsmøte. Vi evaluerer kontinuerleg vårt eige produkt, vinkling og val av kjelder. Vi har sterkt fokus på val og bruk av kjelder vi brukar og vinkel på sakene.
Vi har hatt stort fokus på at papir og nett skal bli ulike og unike, og at dei to plattformene kan utfylle kvarandre og ikkje konkurrere mot kvarandre.

Etikk

Vi har stort fokus på å følgje Vær Varsam-plakaten. Vi har opna for debatt via Facebook på 50 prosent av sakene vi publiserer på nett og opplever at når den som ytrar seg er kjent så blir det stort sett ein ryddig og konstruktiv debatt. Kommentarane er stort sett saklege og ryddige, og er viktige innspel til påverke samfunnsutviklinga.

PFU

I 2017 var vi ikkje klaga inn for Pressens faglege Utval (PFU).

Erling Wåge

Ansvarleg redaktør

Legg til i min rapport

Kommentar: Kan lokalavisa vere lokal med nye kommunegrenser?

Kva vil endring av kommunegrensene bety for Fjordenes Tidende som har ein sterk fot inn i alle fire kommunane som vi dekker i dag, og som i ei eller anna form er involvert i endring av kommunegrensene?

Kva vil dette bety fram til 2020 og ikkje minst etter 2020 då dei nye grensene er på plass? Vil dei nye grensene endre vesentleg på identiteten til folk og oppfatninga til kva ei lokalavis skal vere og levere?

Vi må nok endre oss og tilpasse oss dei nye grenser.

Fjordenes Tidende vart starta i 2010. Avisa har eit godkjent opplag for 2017 på 4.471. Redaksjonen består av fem journalistar pluss redaktør. Vi brukar i tillegg ein del faste frilansarar. Vi vil vere ei av to lokalaviser i dei to nye kommunane.

Dette blir ein ny situasjon.

I Stad kommune er vi nummer 1 avis i eine delen av kommunen, i Selje, og Fjordabladet har denne posisjonen i den andre delen av kommunen, Eid kommune. I Kinn kommune har vi nummer 1 posisjon i nordre deler av den nye kommunen, dagens Vågsøy kommune. I søre deler av kommunen, Flora kommune, har Firdaposten denne posisjonen. Store avstandar og lang reisetid vil gjere det vanskeleg for begge redaksjonane og dekke alt i heile nye Kinn kommune like godt som vi gjer i hovudkommunane i dag. Med bil tek to timar å køyre ein veg mellom dei to kommunesentera, altså meir enn fire timar tur-retur. Skal ein reise kollektivt er det tre båtruter for dag som tek over ein time kvar veg.

Både Fjordenes Tidende og Firdaposten har i tillegg sterke posisjonar i kommunen som deler den nye Kinn kommune i to, i Bremanger kommune.

Vi tenker at vi må lage redaksjonelt innhald bygd på identitet, kultur og felles interesser der vi har storparten av abonnentane. Vi må vere opptekne av viktige utfordringar og vedtak som angår folk i området vi dekker i dag. Vi må vere tett på næringsliv, idrett, kultur, samferdsle, skule, pleie og omsorg, barn, unge og eldre, folkeliv og personar som gjer spesielle ting i nedslagsfeltet der vi har flest abonnentar, i ytre Nordfjord og Bremanger. Vi må vere lokale i det området der folk oppfattar oss som lokalavisa si. Sjølv om Vågsøy slår seg saman med ei Sunnfjordkommune så vil storparten av folk i Vågsøy framleis vere Nordfjordingar.

Såleis trur vi at folk i Vågsøy gjerne vite kva som skjer både i den nye Stad kommune og i Bremanger som i dag også etter grenseendring.

Det er også sagt at sjølv om Vågsøy blir ein del av Kinn, så skal dei kommunale tilboda etter 2020 vere som før 2020, og folk skal få løyst alle sine oppgåver i den delen av den nye kommunen som dei bur i. Sjølv om det står i intensjonsavtalen at nye Kinn kommune vil løyse alle interkommunale oppgåver sjølve, så er det seinare sagt at det vil bli samarbeidsprosjekt for nordre Kinn med dei andre Nordfjordkommunane.

Utfordringa for oss blir å halde våre lesarar i nye nordre Kinn oppdatert på kva som skjer i søre deler av den nye kommunen. Det blir såleis utfordrande at vi kan skape felles identitet, felles kultur og felles entusiasme med så store avstandar og med så lite kjennskap til kvarandre.

Ved utgangen av 2017 har vi fokus på å lage ny publikasjonsstrategi. Vi har også tett dialog med dei to andre lokalavisene som blir ein del av dei to nye kommunane. Vi har vurdert og vurderer eventuelt samarbeid med kvarandre i ulike former

Av Erling Wåge, ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende

Legg til i min rapport