NRK Møre og Romsdal

Sigrid Raabe frå Ålesund var eitt av mange namn i tilboda frå NRK Møre og Romsdal i 2017. Her kan du lese meir om oss og kva vi gjorde på mobil, nett, radio, tv og i sosiale medier.

Fakta
Ikon
Utgiversted Ålesund
Bilde av redaktør
Ansvarlig redaktør Hallstein Vemøy
Kommer ut Alle dagar
Daglige brukere på mobil
Daglige brukere på mobil
18480
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
19611
Redaksjonelle årsverk 38
Fordeling seere/lyttere 56000 / 52000
Klagesaker til PFU 0
Fellelser i PFU 0
Egne interne retningslinjer Ja
Lytterandel: 26% Seerandel: 28%

Det store gjennombrotet

Sigrid Raabe hadde eit stort år i 2017. Ho blei kåra til årets nykomar under NRK-kåringa "P3Gull", song under Fredspriskonserten og blei nominert til tre Spellemannprisar. BBC kåra Sigrids hitlåt "Don't kill my vibe" til verdas hottaste.

Sigrid var ikkje åleine blant unge namn frå Møre og Romsdal i overskriftene i det som trygt kan seiast gullåret 2017.

På seinsommaren var kulturhuset i Ulsteinvik tettpakka av folk. På første rad sat bestefar til Karsten Warholm for å følge barnebarnet løpe VM-finale i 400 meter hekk i London. Då Karsten passerte målstreken først, blei det hemningslaus jubel i Ulsteinvik og i resten av landet.

 

Olav Lundanes hadde sitt gjennombrot som orienteringsløpar for fleire år sidan men i 2017 greidde han å forsvare verdsmeistertittelen i langdistanse. I tillegg var han sentral på laget som tok VM-gull.

Eit anna namn vi har følgd gjennom året, er alpinisten Ragnhild Mowinckel frå Molde. Mot slutten av 2017 hadde ho si første pallplassering i verdscupen. Saman med Nina Haver-Løseth og Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund syter dei tre alpinistane for at Møre og Romsdal er på verdskartet også i den idretten.

Optimisme og eigarskifte i næringslivet

Nedturen i olje og gassnæringane har råka dei store aktørane innan offshore og verft i Møre og Romsdal siste åra. Dei økonomiske tapa har vore enorme, nedbemanningane mange og nyheiter frå denne bransjen hyppige i NRK Møre og Romsdals tilbod i 2017.

Omstillingane har ført til eigarskifte i fleire selskap. I starten av 2017 blei det eigarskifte i det største offshorereiarlaget i Noreg, då Solstad Shipping på Karmøy blei største eigar i sunnmørsbedrifta Farstad. I ei av sakene vi hadde om eigarskifta, frykta ein økonom ei utvatning av den maritime klynga på Nordvestlandet. Ein pensjonert sjømann sa det slik i saka om Farstads vekst og fall; "Det blir ikke det samme hvis sjefene sitter på Karmøy".

Ein gryande optimisme prega likevel året i næringslivet. Omstilling og nyskaping førte til ei rekkje nye kontraktar i verftsbransjen og nedgang i arbeidsløysa. Ekspedisjonscruiseskip, nye hurtigruter, elektriske ferjer, avanserte fiskebåtar.

Moldebedrifta Brunvoll blei av Norsk Industri kåra til den smartaste industribedrifta i Noreg, eit synleg bevis på innovasjonskrafta i Møre og Romsdal.

 

Nye kommunar veks fram

Etter høyringsrundar, folkemøte og folkerøystingar i 2016, førte kommunereformen til fleire nye kommunar i 2017. Nye Molde og nye Ålesund såg dagens lys og kommunesamanslåingsprosessen i alle delar av fylket er eit emne NRK Møre og Romsdal har følgd tett gjennom året.

Kva dei nye kommunane skal heite, kvar kommunesentera skal ligge, korleis kommunevåpena skal sjå ut, er alle diskusjonar med engasjement i rundt om i bygdene.

Lenger sør på Vestlandet blei det beslutta å kalle den nye samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestlandet fylkeskommune. Også det var eit namneval som skapte engasjement, spesielt i Rogaland og Møre og Romsdal – fylke som også meiner dei er ein del av Vestlandet.

NRK Møre og Romsdal tok initiativ til ei felles debattsending med dei tre andre fylka, vi fekk utvida sendetid på NRK1 og fekk namnediskusjonen opp på den nasjonale dagsorden.

Les hele det redaksjonelle regnskapet her.

Legg til i min rapport