Hausten 2017 skulle lageret til den norske kringkastinga tømmast. NRK Hordaland skulle flytta til «Media City Bergen». Då oppdaga nokon det vesle flygelet der det stod på høgkant og samla støv.
Det hadde vore eit heilt vanleg salongflygel, bortsett frå at det to gonger hadde fått spela med ein heilt uvanleg pianist.
Leif Ove Andsnes framførte Grieg på eit stup 1401 meter over Odda. Han spela musikk av Musorgskij i tørrdokken på Laksevåg medan vatnet fossa inn og drukna flygelet.
Før ein grafittikunstnar seinare spraymåla flygelet og det hamna på lageret.
Men no, som ein siste gest: Ei fyrstikk blir kveikt på ein stor parkeringsplass. I bergensk duskregn står flammane opp av flygelkassen. Den eineståande pianisten kjem berande på pianokrakken. Set seg ned. Tek sats.
NRK Hordaland har nok ein gong gitt deg noko du aldri har sett før. Noko du ikkje visste at du gjerne ville oppleva. Eit symbol på vårt brennande engasjement og kreative forteljarglede. Eit flygel i full fyr.