Hallingdølen har i 2017 halde posisjonen som den viktigaste mediekanalen i Hallingdal. Staben har produsert godt innhald som er verdsett med fleire prisar i både norske, skandinaviske og europeiske aviskonkurransar.
På nyåret lanserte me ny nettavis som har ført til auka trafikk på dei digitale flatene. Hallingdølen har i snitt rundt 17.000 sidevisningar pr. dag. Me har også laga vidoemagasin kvar månad. Hallingdølen har saman med Avisa Hordaland og Sunnhordland inngått partnerskap med Agderposten Medier som handlar om felles tekniske løysingar og it-drift.
I 2017 var Hallingdølen med og starta Framtida Junior, ei papiravis for born skrive på nynorsk. Avisa blir produsert av grafisk personell i Hallingdølen, og er eit samarbeid mellom Framtida.no, ABC Startsiden, Hallingdølen, Avisa Hordaland, Sunnhordland, Os og Fusaposten og Sogn Avis.
Hallingdølen har dette året delteke i to EU-prosjekt. Det eine heiter Visual Media og går ut på å teste virtuell studio og kople dette opp mot bruk av sosiale medium. Det andre heiter Inject og handlar om å utvikle nyttig søkeverktøy for journalistisk arbeid.

Villrein i Nordfjella. Heile stamma vart utrydda i kampen mot skrantesjuka. (Foto: Caroline Utti)

Frå reportasje om heimefødsel. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard)

Moderne klauvskjering på kyr. (Foto: Sindre Thoresen Lønnes)